Eg har fått ein ny nabo. Og å bu i blokk, det er å ha naboane ganske så tett innpå seg. Verandaer side ved side. No bur eg øverst, så eg har suveren utsikt og mindre innsyn, trur eg. Men hin dagen fekk eg høyra at tærne mine var attraksjon utfor verandarekkverket. (eg solar meg med føtene over rekkverket, verandaen er ingen ballsal akkurat, om eg i blant dansar der). Så lenge det berre er tærne dei ser, tenkte eg. Men altså, no er her kome ny nabo. Og han starta allerede for to kveldar sidan med mystisk åtgjerd på verandaen sin. Der drog han ut plankar, han snekra og drilla og heile nabolaget var flittige i vindaugo og på verandaer for  å sjekka ut kva det var denne karen dreiv på med.

I går sat eg på stamkafeen med tre av naboane, alle oppteken av ein ting: Kva er det den nye naboen har for seg? Skal han byggja inn heile verandaen sin? Og går slikt verkeleg an i eit burettslag? Her måtte det følgjast med. Og eg har følgd med. På min kongetribune har eg full oversikt, og eg har til og med tatt på meg brillene kvar gong eg har vore på verandaen, sånn for sikkerhets skuld, så ikkje noko skulle gå meg forbi. For kva greier er dette?

Ingen veit kva naboen har i sinne. Men no har han inngjerda heile verandaen sin i hønsenetting. Dei ristar på hovudet både eine og hin. Men eg trur eg har funne løysinga. Naboen har katt, og i andre etasje langt frå bakken ville aldri eg sluppe katten min ut på ein usikra veranda. Han vil sikkert gjera det trygt for katten sin, trur no eg.

Kanskje skal eg leggja opp til eit veddemål, der den som kjem nærast løysinga får, ja, kva skal dei få? Låna verandaen min som har den beste utsikten til at dei verkeleg får sjå resultatet når det ein gong er ferdig. Heia naboen min, som har gitt oss underhaldning i snart ei veke.