Kan vi farga verda betre? Eg las ein artikkel i dag om kor grå vi gjer livet. Grå hus, grå bilar, grå klede. Gjer dette noko med oss, blei det spurd? Og eg nikka. Ja, det gjer noko med meg i alle fall. Eg er så glad i fargar. Eg blir glad av fargar. Fargar gjer noko med fargane inni meg også. Difor har eg glade klede i skåpet. Men har eg dei på meg? Går eg ikkje igjen i det svarte og grå? Hm.

Eg opna skåpet mitt. Jau, dei glade fargane var der. Men du og du kor mykje svart og grått det var der også. Og eg sopte det ut. Lot ein einaste svart kjole henga igjen, ein veit jo aldri om ein må vera seriøs, og svart er vel det mest seriøse? Men du kor kjekt det no blei å sjå inn i skåpet. For det første var det blitt god plass. Og der hang det raude og gule og klarblå og irrgrøne. Jøss, hadde eg alt dette. Jammen hadde eg det, og no skal det brukast.

Ut og gjera verda gladare. Ut og visa fram fargane. Våga stå stolt og synleg der ute i verda. Kanskje nokon blir glade av det, slik eg blir når eg møter fargerike menneske? Ikkje meir grått no, og ikkje for mykje svart heller. Vågar eg lova det, utan lygekryss på ryggen?