Eg førte ein mann på ville vegar i dag. Ikkje visste eg at eg var ei slik ei? Han sto der så stille og fåmælt på buss-stoppet, spurde meg lågmælt om eg visste kor tid bussen gjekk til Sandviken. Den bussen kjem straks, sa eg, eg skal med same bussen. Men eg merka meg jo at mannen snakka norsk, god vakker nynorsk til og med, der han sto på busstoppet i sveariket. Oppglødd over å møta ein landsmann spurde eg om han som meg hadde fått eg ei hule her borte, og han svarte roleg og greit, – og om han syntes eg var litt vel pågåande var han høfleg nok til ikkje å bemerka det. Og så kom bussen.

Ivrig loste eg han på, spanderte til og med billett sidan bussjåføren ikkje tok pengar og eg ikkje berre har eitt busskort men to (ein veit aldri når ein rotar vekk det ein har). Eg fekk mannen ned på setet og forklarte om dei høflege bussjåførane her i byen og om kor flott alt er her. Så keik eg ut bussvindauga, og opps opps, der oppdaga eg at vi slett ikkje kjørte i rett retning. Etter eit nytt kik på omgjevnadene forsto eg at eg hadde losa karen på feil buss. Både han og eg var på ville vegar. I min prateiver hadde eg gløymt å sjå på bussnummeret.

Eg kunne ikkje anna enn erkjenna. Karen såg på meg utan å fortrekka ei mine og fortalde så at han venta ein reperatør i leiligheita om ein halvtime så han måtte heim. Gode råd var dyre, eg kasta meg over den høflege bussjåføren og fortalde om misæren. Og eg har rett i at bussjåførar her i sveariket er heilt i særklasse, bussjåføren sjekka kjapt opp at om vi gjekk av på neste buss-stopp, og venta ti minutt, så ville det koma buss og føra oss heim der vi skulle.

Ja, så løyste det seg då. Aldri har eg snakka så fort og så veldig ivrig om alt i denne verda som eg gjorde der eg sto med denne framandkaren på busstoppet nokre kilometer frå byen i feil retning og venta på buss tilbake. Eg kryssa fingrane for at vi skulle nå reperatøren hans. Og om vi gjorde det veit eg ikkje, men heim kom vi. Og karen var like høfleg og lågmælt då vi skildes. Eg tenkte at ein med så fin nynorsk kan det vel ikkje gjera all verda om ein fører vill.