Elskar du deg sjølv, spurde han meg, min venn.

Elska meg sjølv? Det ligg ikkje heilt i min kultur, det at det er noko positivt med å elska seg sjølv. Ikkje ein gong i den kristne tradisjon, der det heiter du skal elska din neste som deg sjølv, blir det å elska seg sjøl høgakta. Og ein viss bismak har det å elska seg sjølv også, etter alle sjølvrealiseringsbøker og kurs.

Men tanken surra i meg. Eg tok spørsmålet på alvor. Elskar eg meg sjølv? Evnar eg famna heile den samansette pakken som er eg? Kan eg seia at eg har omsorg og godhet for den eg er?

Ingen kan elska den som ikkje elskar seg sjølv, sa min venn.

Er det slik det er? Er det difor det er så mange som opplever seg uelska?