Eg var eit “utanforbarn” då eg vaks opp. Hadde det den gongen funnest ppt og denslags hadde dei heilt sikkert blitt kobla inn. Eg var ikkje sosial. Eg var ein drøymar, og ein observatør. Eg brydde meg ikkje om leiken til dei andre, var eg med var det for å vera grei. Eg likte å stå i friminutta og sjå og laga indre historiar. Å kor eg dikta. Og ikkje eit sekund kan eg hugsa at eg kjende meg utanfor eller utestengd eller aleine. Skulle eg ha vore tvinga inn i “normalen”? Skulle lærarane ha puffa på meg og påtvunge meg å vera meir som dei andre?

Eg hadde ein lærar som lot meg drøyma. Eg hadde ein lærar som viste respekt for min annleisheit. Ein lærar som gret då han las høgt stilane mine og som aldri lot meg kjenna meg liten. Tvert om. Han gav meg vekstrom. Eg hadde behov for ein litt annan veg, og eg fekk det.

Eg veit at mange barn blir haldne utanfor. At mange lir av å ikkje vera ein i flokken. Og desse må bli sett og få sin plass. Men det kan enno finnast i barneflokkane drøymarar, outsidarar som har ein annan veg dei treng gå. Som treng å få drøyma, som treng få vera observatørar utan å bli tvinga inn i flokken. Som har ei stor indre verd som dei skal ta vare på.

Eg er så takksam for at ingen sosialiserte meg og aktiviserte meg inn der eg likevel aldri ville passa inn. Eg er takksam for at det den gongen var lov å vera ein outsidar, det var lov å stå aleine i skulegarden og drøyma. Det var lov å heller villa teikna enn å spela ball og hoppa strikk. Det var lov å vera annleis. For somme av oss er annleis, same kor mange instansar som er der for å tilpassa oss. La oss få glitra fram i det som er oss.