I desse firthy shades tider, vil eg berre vera kjapt ute og seia, eg vil ikkje bli slått, eg vil ikkje bli piska, eg vil ikkje bli hengt opp i taket etter snorer, eg vil ikkje bli påsett klyper både her og der. Eg seier nei takk til heile stasen, eg er rett og slett så kjedeleg at eg vil bli elska på god gammaldags vis. Kva andre vel til glede og sorg blandar eg meg ikkje i, men eg vil gjerne slå eit slag for oss som ønskjer det varme, nære og sakte og ømme. For oss som ikkje er så tidsriktige og hippe at vi må låsast fri frå gledene, men som kan nyta på frihand.

Ja, eg har lese bøkene om fifthy shades. Alle tre, og blei lite pirra. Og eg nektar å ta det på min høge alder eller på mine fordommar. Eg er ikkje ny og fersk i verda og ikkje heilt uerfaren heller. Kanskje nettop difor. Prøv alt og hald fast på det beste, står det i Bibelen, men eg trur eg står over å prøva alt, eg held heller fast på det eg har erfart er godt.

Kva vil eg med dette innlegget? Kasta meg i debatten? Nei, eg kjem med ei ganske så enkel frimodig ytring. Vil gjerne hausa opp den gamle gode kvardagslege kjærleiken. For somme av oss er det meir enn greit nok. Og neimen om vi skal skjemmast over det. Så får taubransen venta på sitt oppsving og politiet stå klar til å låsa fri dei som har låst seg for fast. Eg set på litt musikk og dansar tango.