Det er ikkje inn med det vakre. Vi skal ikkje tillata oss å nyta ein soloppgang, eit barn som ler, blomster som blømer, eller ein unghjort i sprang. Skal vi visa at vi er med og ïnnanfor, må vi velja blod og skrik og skarpe sår, flerra kroppar, forkrøpla landskap og det må gjera vondt.

Så er eg eg ei enkel sjel, eg som ønskjer det vakre. Eg som vil ha glade fargar på veggane mine, eg som vil stå og sjå på stjernehimmelen og nyta at enno kan vi drøyma gode draumar. Eg som vil lesa bøker som rører ved hjarta mitt så det blir varmt og ømt, eg som vil ha musikk som smyg seg mjukt om hjarterøtene.

Visst kan eg høyra musikk som riv og brenn, i blant trengs det, visst kan eg lesa så det gjer vondt, og eg kan sjå på kunstverk som raspar i frykten min. Men er det vakre mindre verd? Skulle det vera mindre høgverdig og viktig? Vi treng eit rop å leggja ropet vårt i, men vi treng også lindring. Å kunna kjenna at det enno fins noko vakkert og godt i verda, at det enno kan skje gode ting. Det vakre er kvilesteinar på livsvegen.

Eg bryr meg ikkje om kva som er inn. Eg bryr meg ikkje om å vera inn. Eg vil løfta fram det vakre. La det for trendsetjarane vera enkelt, la det for dei som vil vera kyndige opplevast lettvint, livet er krevjande nok til at eg vil tillata meg å nyta det som gjer meg glad. Så enkel er eg.