Eg bannar vel i kyrkja no, men eg elskar jula. Barnsleg gler eg meg til julemiddagen, julemusikken og så å opna presangar. Spenninga, det å bretta papiret til side og finna noko nokon har tenkt til meg, det er for meg salig glede, og eg blei ikkje mindre glad for den heimestrikka kjøkkenkluten (som eg aldri har hatt betre klut enn) enn eg hadde vore for diamantar. Forresten, kva skulle eg med diamantar, eg som elskar stort juggel. Ein marsipangris, sokkar med Mikke Mus på, godlukt til dusjen, – å det er så mykje glede. Men det at det ligg der under treet innpakka noko til meg, det er stort.

Det er så mange som no vil gje alternative julegåver, som vil gje pengar til gode organisasjonar så pengane kjem til nytte for dei som treng det mykje meir enn meg og alle vi andre i dette velstandslandet. Og ja, det er fin tanke, men har ikkje dei fleste av oss råd til både ei god såpe til kvarandre og pengar til dei som treng det. Eg ville blitt utruleg skuffa om eg fekk konvoluttar med takk frå gode organisasjonar under treet julaftan, og eg trur ikkje eg hadde greid å gleda meg over dei som no kanskje fekk livsviktig medisin eller ei skulebok. Så egoistisk er eg. Eg vil ha noko å pakka opp, eg vil vita at dei som eg håper er glad i meg har tenkt ut noko for å gleda meg, ikkje berre lettvindt har sendt nokre kroner på kontoen til nokon, noko dei godt kunne gjort i tillegg.

Eg bannar vel i kyrkja, men ta ikkje frå meg julegledene. Eg skal feira jul langt frå mine, eg skal ikkje ha barn og barnebarn rundt meg i stova, men eg håper ikkje dei sender meg ein konvolutt, eg håper vekeleg eg får noko å pakka opp. Det er ikkje dei store gåvene eg lengtar etter, men dei små gledene. Slik at eg kan pakka opp og tenkja, ååå dette har han sendt til meg, og ååå, dette har ho tenkt til meg.

Ja, eg er vel både egoistisk og barnsleg, så for å gjera opp for det sender eg heller eit par tusenlappar til dei som treng det, etter at eg har sendt pakkar til dei eg bryr meg om, – eg vil at dei julaftan skal pakka opp noko frå meg og smila, enten av glede eller at dei ristar på hovudet. For slik er eg med dei, om eg ikkje er der.