Det blir snakka mykje om julestri og julekav. Alt skal ordnast og kjøpast inn. Besøk ein ikkje har gjort heile året skal brått unnagjerast. Presangar skal delast, julekonsertar opplevast, avslutningar stillast opp på, ting skal lagast med ungane. Kvifor i all verda har vi det så travelt no når vi har heile året og ta av. Heile året til å gjesta gamle tanter, heile året til å senda kvarandre helsingar. Heile året til å vaska og baka og ståka. Heile året til å nyta konsertar og ha kos med borna.

Kva er det med denne jula? Jula som berre veks og veks og skal fyllast med stadig meir så vi ikkje lenger har tid nok til å nyta dei tende lysa og fellesskapen. Tradisjon, seier vi, men var det slik før? Eg prøver hugsa tilbake, og hugsar lite julekav, men det er kanskje aktiv gløymsle. Eg hugsar den frydefulle gleda over det pynta juletreet. Den vesle skjøre fuglen som kvart år sat høgt på ei grein. Og familien samla rundt bordet. Eg hugsar ikkje gåvene eg fekk,men eg hugsar kor høgtideleg bestefar takka, og den trillande latteren til den ugifte tanta. Og eg hugsar korleis eg mett fekk plass til endå nokre småkaker der eg krølla meg saman med den årvisse boka eg fekk frå tante Fina. Den hugsar eg jammen. Alltid ei GGP- bok. Kvar jul.

I år skal eg ikkje ha ei einaste julestri. Pepparkakene med personlegdom, vindskeive men gode, er på plass i boksen. Med dempa lys viser ikkje ei einaste hybelkanin. Og god mat blir det. Og om eg er heldig ei bok.