Som utflytta osing har eg vel ikkje stemmerett i kva som skal skje med Fjellheim, men eg har lov til å mimra.

Mitt første møte med Fjellheim var då eg som seksåring blei følgd av tante Brita på turning der. Det som småjente å koma dit og leika og turna saman med andre born, det var stas. Turngruppa var ivrig brukar av Fjellheim. Og tante var ivrig turnar, ho reiste på turnstevne og var fast på trening. Ho hadde vel drøymt om at eg skulle vore litt mindre tung i baken og litt sportyare enn eg var, men ho tok meg med. Ho gav meg desse mine første minne frå bygdestova.

Då eg byrja på skulen, Os skule, så var der ingen gymnastikksal der. Vi spaserte over vegen og til Fjellheim for å ha gym. Sveitte turnsko og mørke garderobar er også Fjellheimminne. Der trava vi rundt og hadde linjegymnastikk og ballspel. Og vi hadde skuleforestillingar for foreldra der, eg hugsar enno då eg sto med den raude lua langt nede i augo og son eg er ola fin og rød. Mi første sceneoppleving, på scenen i Fjellheim. Så var det kino i Fjellheim. Kom det barnefilmar kunne det henda vi fekk lov å gå. Og då meiner eg gå, å ta buss var ikkje eit tema den gongen, skulle ein ut på noko så var det å gå.

Neste minne, er konsertane som eg ikkje var gammal nok til å koma inn på. Der vi sto utfor Fjellheim i flokk og lytta til musikken, og sto klar med notisblokkene for å få autografar. Eg har enno autografen eg fekk frå Trond Graff i Pussikats. Det var stas det. Så, når ein var gammal nok til å få koma inn, då var det eit sus av verda der utanfor bygda ein møtte.

Eg konfirmerte meg til jul, ikke til våren, av ein einaste grunn. Eg ville gå på dans. Og då var det Fjellheim som oftast blei besøkt. Annankvar laurdag. Det kom spanande band frå Bergen. Der sto vi tett i tett og smugkikka rundt oss, der venta vi på å bli oppdaga av dei rette, der fekk vi kjenna varm gutekropp heilt tett, der fekk vi drøyma eller bli skuffa. Det var gråt og kjærleikssorg på doen der vi trøysta kvarandre, der var oppspilte betruingar. Fjellheim var ein del av det å vera ung, for mange av oss. Clive Scott and the Skywegians er vel eit minne for seg. Det var så tett med folk i Fjellheim når dei kom at det var umogeleg å få danseplass, men kroppskontakt blei det mykje av der vi sto som sild i tønne. Ingen tenkte på brannforskrifter den gongen. Dei som ville inn kom inn.

Seinare blei Fjellheim ein plass der eg fekk oppleva fantastiske konsertar. Der var revyar som eg enno kan hugsa både sitat frå og høyra musikken til i øyra. Fjellheim var staden der det skjedde. Og dei seinaste åra, før døra blei stengd, var det filmfestivalen, den raude løparen, stasen og glamoren. Og dei små lune kveldane i kjellaren.

Eg har mine minne, andre har sine. Men ein skal ikkje kimsa av minne. Ein skal ikkje kimsa av det som har betydd så mykje for så mange. Oseana er komen. Storstova, feststova. Men det trengs vel fleire slags stover. Kva med å ha ei kvardaggstove også, der andre ting kan skje enn det som skjer i storstova? Kva med å behalda den heimen som var heim for så mange, også lenge før mi tid. Min onkel som hadde vore snart hundre no om han hadde levd, han var spelemann i Fjellheim i si tid, mor kan fortelja om sine kinoopplevingar på tidleg førtitalet, og også dansekveldane der dengong gjerne mødrene også var med for å passa på.

Ja, vi ”gamle” mimrar. Men er det ikkje noko å ta vare på, det då, minna? Det som har betydd så mykje så lenge. Må alt gammalt bort? Må alt som ikkje er glitrande og prektig og nytt bort? Fins det ikkje ein mulighet til å gjera bruk av det kvardagslege og slitte og grå også? Eg berre undrast.