Eg lærte eit nytt uttrykk i dag: “Skammelege gleder”. Gleder som vi ikkje tør visa ope, gleder som vi er redd skal skada imagen vår. Gleder vi kosar oss med i smug. Og eg tenkte, kva er mine skammelege gleder? Eg ville aldri ha sett meg til å lytta til “Jag trodde englana fans, bara bara i himlen”, fordi dette ikkje er min musikk, men om eg hadde gjort det, hadde eg skjemst ørlite då? Kanskje. Og eg veit at eg aldri ville lesa ” kiosklitteratur” på toget eller bussen sjølv om eg kunne lesa ei slik bok heime i sofakråa. Så er eg vel litt snobb likevel, og har mine skammelege gleder.

Skammelege gleder. Er det slik at eg ikkje vil stå ved alt eg er. At eg gjerne vil lesa dei “rette” bøkene, høyra på den ” rette” musikken, ha dei “rette” meiningane, lika den “rette” maten, at eg vil gje eit “rettare” bilde av meg sjølv enn den eg er?  Jau, eg veit veldig godt kva som er mi største skammelege glede, det er min store apetitt på alt som er godt. Pannekaker, ostekaker, kanelbollar, pizza, alt slikt om slett ikkje er helsesamt og sunt. DET er skammeleg det, å ha ei uhemma livslyst.

Men kva godt gjer skamma? Ikkje ein skit, og livet er då for kort til å ikkje vera den ein er, så får hittfolket tru og meina kva di vil. Eg vil seia eit hurra for alle gleder, uansett ryktet dei har.