I dag tok eg på meg den store breidbremma hatten då eg skulle til byn. Det hadde sin veldig grei grunn, eg hadde ein bad hair day. Eg såg meg i spegelen og tenkte, hm, i dag er eg ikkje akkurat lekker. Ikkje det at eg reknar meg som ein lekkerbisken sånn til vanleg heller, men hestehale¨er ei fin løysing for hår som ikkje krøllar seg lekkert nedover skuldrane. Med hestehale kjenner eg meg i grunen grei nok både til fest og kvardag. Men ikkje veit eg kva eg hadde grisla med om natta, her var det virvlar og pistrar over alt, og ikkje ein gong den stramaste hestehale kunne berga meg. Så då var det lukke og vera hatteiegar.

Men, ein hatt treng noko å stå i stil med. Så eg nådde ikkje første bussen til byn. Eg sto framfor spegelen og snudde og vreid på meg, prøvde jakker og kåper og sko. For ei hattedame må ikkje ta lett på noko. Til slutt blei det den fine ullkåpa med orange slag. Den som til vanleg nesten alltid er for fin til å bruka. Nye støvlettar, og eit finsjal. Og så sjølvsagt å snu og venda på hatten eit titals gonger for at han skulle ta seg best mogeleg ut.

Endeleg var eg klar. Ut med meg. Men eg hadde gløymt å sjekka veret. Der sto eg i ullkåpa og finhatten, og det regna! Men, skulle ikkje endå ein buss gå frå meg, så var det berre å skunda seg av stad. Eg kom meg til bussen rank i ryggen, og fekk straks utteljing. Den eldre nabodama som sto der og venta på buss-stoppet såg på meg. “Så du har tatt på deg hatt i dag?” Veit ikkje heilt kva ho la i det, men eg nikka og smilte stort. “Det er så ufyse ver”, sa eg. Ho såg på meg. Eg var kanskje ikkje heilt kledd til ufyse ver?

Men til byn kom eg meg, fekk kjøpt epler og yougurt og mjøl til å baka heimalaga grovbrød av. I rein yrskap der eg promenerte i hatt og finkåpe gjennom storgata i regnveret, så smatt eg inn i ein butikk og kjøpte meg to nye truser, skikkeleg dyre og sexye. Ein veit då aldri kva framtida kan by på. Og eg kjende meg så utruleg på høgda då dama i undertøybutikken såg på meg og sa, “eg likar stilen din”. Johoo, ingen dårleg dag likevel, trass i bad hair.  Moralen er, ingen treng vita kva som er under hatten!