Rart med minne. Ein liten triggar, så er dei der. Eg sat på stamkafeen min med to motorsykkelmenn ved bordet ved sida av. Dei snakka dansk.  Brått hugsa eg “kongen av Danmark”. Det var det vi kalla han, venninna mi og eg, noko namn fekk eg aldri vita. Eg møtte han ein av dei første gongane mine “på byn”. Eg hadde jo levd ganske så beskytta frå “det søte liv”, men denne kvelden var venninna mi ute og feira noko, eg hugsa ikkje no kva. Vi enda opp utpå kvelden på det som den gongen var nattklubben på Hotel Norge. Det var fin musikk, men eg kjende meg litt som fisk på land der eg prøvde gøyma meg inst i båsen min og håpa ingen ville by meg opp. Like til ein mann eg aldri før hadde sett dukka opp i døra. Det hogg til i meg med det same eg såg han, blikka våre møttest og det sa klikk.

Då han baud meg opp var eg seld. Var det kjemi? Var det magi? I det han tok meg i armane sine var alt anna borte. Vi dansa og dansa, og då musikken tok pause sto vi berre midt på dansegolvet og heldt om kvarandre. Alt dirra. Jau, det må ha vore magi. Det var noko eg aldri før hadde opplevd, og sidan aldri har opplevde igjen slik. Eg kan ikkje hugsa at vi sa så mange orda, berre nok til at eg forsto han var dansk.

Venninna mi såg kva som skjedde og fekk visst panikk. Det var ho som hadde teke meg med hit. Ho kom ut på dansegolvet og sleit meg laus frå han, ho drog meg fysisk ut av danselokalet og ut på gata. Eg var i transe, heilt rar og skjelvande. Noko som sat i lenge. Venninna mi kjørte meg heim, og sidan spøkte vi med “kongen av Danmark”. Men det var aldri spøk for meg.

Eg møtte han ikkje igjen. Eg hadde ingen navn. Han hadde det heller ikkje. Det hender eg har spurt meg, berga venninna mi meg den kvelden? Kva hadde skjedd om ho ikkje drog meg med bort? Det er snart eit halvt liv sidan. Men minnet har eg med meg. Det skal ikkje meir til enn ei dansk stemme før eg er tilbake til den kvelden i armane hans, kongen av Danmark.