Eg er på Stord og jubilerer. Det er førti år sidan eg gjekk ut lærarskulen. Førti år? Kan det stemma! No har eg møtt førti medjubilantar på mimretur på høgskulen, som den gong ikkje var høgskule, berre vanleg lærarskule. Og det må vera noko med årskullet vårt, alle var akkurat dei same. Somme var til og med blitt yngre. Grått hår og velstandsmagar var berre kledeleg. Vi omfamna kvarandre og hugsa. Og du verda kva vi hugsa når vi først kom i gang og mimringa starta. Ting som var borte, dukka opp. For ikkje hugsa eg at dikta mine blei slakta av den tradisjonskjære lektoren som ville ha enderim og jamn rytme, dei andre hugsa. Eg hugsa læraren som oppmuntra meg. Glad er eg for det. Eg er velsigna med dårleg hukommelse på ting eg ikkje vil ha med.

Men at eg spelte jentefotball, det var også gløymt. Eg blei vist bilde av fotballaget jublande etter ein siger, og jammen sto eg der. Trur eg må få kopi og henga på veggen. Og så gleda over samtalane med alle desse fine tidlegare klassekameratane. Eg kjenner varmen inni over å få sjå dei igjen. Å vita at kvar av desse førti har levd sine liv på godt og vondt, har gjort sine erfaringar og er her med eit heilt livsforråd under kjolane og dressane. Ja, vi har levd, vi har smakt, vi har nok alle blitt rispa i pelsen. Men i kveld skal vi festa saman. Dei gode historiane skal hentast fram igjen, og vi skal vera i lag.

Førti år er gått, og ingen ting er sjølvsagt lenger. Eg er audmjuk.