Ofte er vi ikkje heilt klar over kva menneska rundt oss eigentleg har for plass i liva våre, ikkje før dei brått er borte. Dei har berre vore der, som kollegaer, naboar, nokon vi har veksla ord med og ledd med i ein forbifart. Kanskje har det vore øyeblikk av alvor og nærhet, og livet har gått vidare, vi har hatt kvar våre. Men så står vi der ein dag med tomrommet. Tapet. Ei uventa sorg over det som ikkje blei sagt, og det som kunne blitt gjort. For dei var der jo alltid. Menneska som vi ikkje forsto kor mykje betydde for oss før dei ikkje er der lenger.

Det er ikkje lenger sjølvsagt for meg når eg møter nokon i ein forbifart at vi skal møtast att. Kanskje er det slik det blir med alderen, når folk rundt ein brått og brutalt blir borte. Det er ikkje sikkert det kjem nye mulighetar til å seia at ein set pris på. Det er ikkje sikkert ein får sjansen igjen til å fortelja kor mykje det menneske har betydd berre med å vera der. Alle dei glade smila, alle dei små orda og helsingane. Irritasjonane også. Alle kvardagane side ved side.

Det er så lett å blåsa opp bagatellar. Henga seg opp i irriterande særtrekk hos kvarandre, særtrekk som ein faktisk i ettertid minnest med varme. Om vi berre kunne vera rausare med kvarandre, i ord, i handling, i tankesett. Gje meg ein blom mens eg lever, var ein song frå min barndom. Vi skulle æra kvarandre mens vi enno kan høyra det som blir sagt. Det kostar så lite.

Kanskje ho i butikken som alltid gir vekslepengane tilbake med den rause varmen og det gode smilet skal få vita kva det betyr. Kanskje naboen som spør korleis det går skal få høyra at det er så godt at han er der. Gi ære der ære er fortent. Det er så utruleg mykje vi kan gje kvarandre, mens vi enno har kvarandre.

Ja, litt flaut kan det jo vera, å strø ordblomar slik rundt seg, vi er vel ikkje oppdratt til slikt, så mange av oss. Men skitt, skulle ikkje denne korte stunda vår her på jorda heller vore full av raudnande gleder enn dei tilknappa strame masker.