I dag skal eg skal vedstå meg ei hemmeleg sanning, – eg likar ikkje dikt. Med det meiner eg det meste eg finn av nyare dikt. Eg som har skrive dikt eit heilt liv, og som ikkje har tal på alle dikta eg har produsert, eg rett og slett synes ikkje om mange av dei dikta som har kome ut dei seinare åra. Eg synes så mange av dei er pompøse, er orddilldalleri, og er meir klang enn gir gjenklang Og dei fleste dikta rører ikkje ved noko i meg, sjølv om eg sjølvsagt må ta det på meg sjølv. Gammaldags som eg vel er blitt, så vil eg bli berørt meir enn imponert.

Heldigvis fins det dikt som har berørt meg djupt i sjela, dikt som har blitt viktige i livet mitt, dikt som har gjort ein skilnad, og som eg aldri ville vore forutan. Men dei er på langt nær så mange som diktsamlingar komne ut pr. år. Og mange av dikta som har sett spor i meg er gamle. Dei handlar om livet, mitt liv, våre alles liv. Dei handlar om kjærleik og hav og død. Dei handlar om dagane med det dei gir av under og forferdelsar. Dei handlar om noko eg forstår.

Eg innser vi er ulike, vi lesarar, og har ulike behov. Eg ser kor flinke mange av diktarane er. Dei skriv så fint og har så mange flotte og nyskapte ord Eg går rundt inne i orda deira og leitar etter eit møte, leitar etter å kunne gripa ei hand så vi kan gå saman, diktaren og eg. Eg les og les, og så les eg ikkje meir. Utan når eg endeleg møter eit dikt som får meg til å le eller gråta, til å nikka eller drøyma, som får meg til å kjenna meg så nær så nær det som dunkar og slår og er livet.

Visst er dei der, dikta, dei som er som opne dører, dei som smyg seg innunder huda, dei som løftar noko i meg så eg forstår noko utan heilt å forstå… Å, kor gjerne eg skulle hatt fleire av desse dikta. Ja, mange fleire. Eg hungrar i grunnen, så det er ikkje sant at eg ikkje likar dikt. Eg går i bokhandelen og leitar for å finna ein Kolbein, ei Oddveig, ein Stein, ein Jan Ove og mange fleire som kan gje meg noko som fyller dei inste romma i meg. Eg leitar etter dikt som kan vera mat for min indre hunger.