Ei venninne av meg bar med seg to posar med flotte klede til “loppisen” i dag. Somme av kleda var ubrukte. “Eg er for rik”, sa ho. Og ho er så visst ikkje av dei rikaste. Men det slo inn i meg dette, “eg er for rik”. Eg gjekk heim og såg inn i mine eigne skåp. Der hang altfor mykje. Mykje meir enn eg treng. Og eg trur vi er mange. Vi har fulle skåp og skuffer, og vi kan stadig skaffa oss nye ting. Vi kan reisa, vi kan velja.

Det er lett å gløyma at ikkje alle har det slik. Ikkje ein gong i vårt eige land. Rundt oss, ganske så nær, bur dei som prøver å kamuflera så godt dei kan at skåpa deira ikkje er fulle, at dei ikkje kan velja kor dei skal dra på ferie, for ei feriereise er over det budsjettet tåler. Det er born som ikkje har leikekassar fulle av leikar, og som ikkje får gåver til jul som dei må stabla vekk fordi det er fullt på romma. Det er ungdommar som så inderleg ønskjer seg ei tøff T-skjorte til skulestart. Dei er der.

Livet er ikkje rettferdig. Ikkje alle har foreldre og besteforeldre som kan sponsa når sjukdom slår ein ut av arbeidslivet, når jobbar blir borte og inntekta blir borte med det. Ikkje alle har eit nettverk som støttar når utgiftene blir større enn inntektene. Mange kjempar ein skjult kamp for å halda hovudet over vatner økonomisk. Det er lett å tenkja at i vårt velstandsland er det ein sjølv det kjem an på, at støtteordningar fins, men så enkelt er det ikkje, det veit den som har prøvd å leva på minimum. Vi skulle ha djup respekt for den usynlege kampen mange står i.

Heldigvis er det nokon som gir oss som er “for rike” ein mulighet til å dela. Det er eg djupt takksam for. Det er ikkje godt for oss menneske å vera oss sjølv nok. Det er ingen ting vi blir meir glade av enn å få dela, om vi berre kjem oss til. Vi treng ikkje vera så veldig rike heller for å få del i den rikdommen.