Eg ser stadig på facebook ein artikkel lagt ut om kva folk angrar på når dei ligg på det siste. No håper eg at eg har ei stund igjen enno før det er slutt, men eg stoppar likevel opp og spør meg, kva er det eg vil angra på? Jau, visst er det ting i livet mitt eg skulle gjort annleis. Aller mest at eg har hatt så mange ballar i lufta at eg ikkje har sett alt eg skulle sjå, i augo til dei eg har møtt. At ikkje alle orda har nådd inn til meg, at eg har vore så oppfylt av mitt eige at eg har kome til å oversjå andre sine behov. Det angrar eg på. Og så alle gongene eg ikkje har lytta til mi eiga indre stemme, men har følgd det eg trudde andre ville eg skulle gjera. Dessutan alle gongane eg har teidd når eg skulle ha sagt frå. Jau, det er mykje å angra på. Men kva hjelper det å angra?

Viss eg skulle intervjua nokon som ligg på det siste, så ville eg spurt annleis. Eg ville spurt, kva i livet ditt vil du takka for. Sjølvanklage er vi flinke nok til, men å sjå kva vi har betydd, kva vi har fått teke imot, kva vi har fått av rikdom i livet, der er vi mindre flinke. Eg ville spurt, kva har gitt deg glede? Kva kan du kjenne i deg no at du er glad for å ha fått oppleva. Kva ligg som bål og lyser i minnet ditt? Det same kan eg spørja meg sjølv. Eg blir gladare av dette spørsmålet. Og kanskje finn eg like viktige ting av det. For det gode er det viktige.

Har eg gjort urett, vil eg gjerne få retta opp det som rettast opp kan. Eg vil gjerne seia unnskyld til dei eg gjorde vondt i mitt eige renn der eg ikkje såg det som blei sårt. Eg vil ta på alvor at eg har kome til å såra, oversjå, gløyma. Men på same tid vil eg få lov å gøyma på alt det gode. Alle øyeblikka av nærhet, varme, latter og tårer, alle opplevingane som løfta livet, alle ord, alle bilde, kvilesteinen på fjellet og benken ved stranda. Det å få krypa nær ein annan kropp. Det å stå under ein stjernehimmel og vera eitt med livet.

Eg vil så gjerne at min siste tanke skal vera: Jag vill tacka livet!