Så er det 17. mai igjen, og eg har berre så lyst til å minna om at det er ikkje gull alt som glitrar. For om 17. mai er ein flott dag, med vaiande flagg, opp-pynta landsmenn, fellesskapskjensle og dei store ord, så er det også ein dag for dei glitrande fasadar. Denne dagen går vi arm i arm om vi til dagleg sloss som hund og katt. Denne dagen skin vi om vi gret inni oss. Midt i mennesmassen kan ein kjenna seg så inderleg aleine.

Det er lett å la seg blenda av bunadane og smila og alle hurra-ropa, og tru at alle andre er så lykkelege som dei ser ut. Vi er gode til å spela skodespel alle som ein. Eg har gjort det sjølv. Ikkje berre ein gong. Eg hugsar godt den 17. mai eg sto på den flaggpynta scenen i Os sentrum og heldt hovudtalen, eg såg sikkert så oppegåande og flott ut som berre det. Eg heldt fasaden. Etterpå gjekk eg bak eit hjørne og gøymde meg og gret, nyskild og nedfor.

Vi veit ingen ting om kva som ligg bak hos nokon. Mange kan bera sine skjulte sår og smerter og sorger bak bunaden, under smila. Midt i flokken kan ein gå og kjenna seg så inderleg einsam. Om 17. mai var det den skulle vera, så var det ein dag der vi såg kvarandre, der vi ikkje trong vera så perfekte og lykkelege, men rett og slett var saman, som den kvar av oss er, om noko vi alle har felles. Vår grunnlovsdag.