Eg trur ikkje eg er av dei som hissar meg opp fortast, men no kjenner eg lite gode kjensler i meg. Forarga, ville vel mi bestemor ha sagt, ho tillot seg ikkje så ofte å bli sint. Ja, eg er forarga, men meir enn det. Eg er skuffa, og kjenner meg rett og slett sviken. Og det er sterke kjensler når det gjeld nokon som eg aldri har møtt, og som eg ikkje eingong har stemt på. Men kva leiarar er det vi har i dette landet vårt no, raude eller blå. Kva er det som har skjedd med moral og ryggrad hos dei som sit med ansvaret? Er makt og posisjon det som tel, det å få sitja ved dei rette borda, det å få eta kirsebær med dei “store”? Kva med å stå opp for verdiar, kva med å stå rank i ryggen i motvind. Kva med å stå ved det som ein har halde som viktige, sjølv om det krev.

Eg kjenner skamma over å vera nordmann, skamma over å høyra til dei som vik unna, som sel sjela si tevande og logrande i håpet om eit klapp på skuldra frå nokon som gjer val vi sjølv ikkje står for. Eg kjenner at respekten for leiarskapet er borte. Eg blir rett og slett flau når eg ser Børge Brende på TV. Kjenner rett og slett skamraudmen i kinna. Og eg ser på Erna og spør meg, har ho gangsyn nok? Eg veit det er lett å kristisera langt borte frå bordet der makta ligg, det viser seg ofte at posisjon gjer problemstillingar annleis. Og tida vil visa visa kva gevinsten kan bli for det valet som er gjort, men eg har problem med å sjå nokon genvinst som skal vega opp for sviket.

Ja, eg er sanneleg forarga. Og i same slengen eg sit her og er forarga, så glefser eg like godt også etter Jonas Gard Støre, han som tevar og skrapar for fru Stordalen, og som truleg er med på det store norske spleselaget om å gjera oss slanke og sunne og få ein betre livsstil. Bill Clinton må til for slikt noko må vita, og eg tenkjer nok det blir designerkjoler og vesker i fleng å sjå på konferansen for den gode saka. Synd spleiselaget ikkje gjeld for den eldre dama som blei flytta mellom seksten institusjonar, var det på ein månad? Men det store norske spleiselaget held for politikarane som tok ut gigantetterløner.

Eg er visst temmeleg forarga i dag. Og eg er vel for enkel til å sjå dei storpolitiske tinga. Alt det viktige. Men i min enkelhet så vil eg så gjerne tru at det fins idealisme igjen, at det fins solidaritet, at det er verdiar er som verd å kjempa for uansett pris, og at dei vi vel inn til å ta vare på landet vårt, at dei har eit minimum av anstende og moral. Er det for mykje å venta?