Kva treningsform er best, var det ei som spurde. Den som blir gjennomført var svaret. Så er det kanskje fleire enn meg som har større ambisjonsnivå enn gjennomføringsevne.  Eg går no tur, trøystar eg meg med. Men for meg har turgåing aldri blitt å klatra til toppar. Flatturane gjer vel si nytte dei også, og utsikten over vatnet eg går ved er nok for meg. Tempoet mitt er vel ikkje akkurat noko å skryta av, men alt det eg ser på vegen og gleder meg over er vel også helsesamt.

Så er det dansen. Om natta når alle søv rundt meg hender det eg dansar på verandaen, nyt musikken og lar kroppen fyllast med fryd. Så flatturane og dansen er dei treningsformene som for meg blir gjennomført. Alt anna har blitt døgnfluger endå eg stadig høyrer om alt eg burde. Eg trøystar meg med bror til ein venn av meg. Folk sa til han at no burde han byrja trena, han kunne kanskje leva nokre år lenger då. Om ein tar bort frå dei ekstra åra den tida som har gått bort i trening så går det vel opp i opp, sa han.

Ein kan leva med stadig dårlegt samvit for alt det sunne ein burde gjort. Men eg veit at noko sunt gjer eg også, eg plukkar med meg dei gledene eg finn på vegen. Eg nyt kvitveisen på sakteturen min, eg kosar meg på benken der eg sit og ser utover vatnet. Eg dansar på verandaen og frydar meg over eit kakestykke. Eg trenar på å ta vare på det gode. Den treningsforma er eg god på.