Eg gjekk ein nydeleg tur ved Møkeln i dag. Sola skein, fuglane song, vatnet blenka. Det var rett og slett til å bli glad av. Så møtte eg ein nabo, ho kom halsande med stavar og store steg, men stogga då ho skulle passera meg. “Det er viktig med stavar”, sa ho, “det er godt for magen”. Ho klappa seg på magen som nesten ikkje var der på den tynne kroppen. “Eg vil ikkje ha nokon mage”, sa ho og halsa vidare. Eg sto der litt betenkt. Burde eg skjemmast over at eg har mage? Burde eg skaffa meg stavar og halsa av stad? Er det viktigare med liten mage enn å nyta turen, kunne stogga ved kvitveisen, fryda seg over fuglane på steinen uti vatnet, og stå ved benken og drøyma om at det kanskje sat nokon der ved sida av meg.

Eg gjekk der og lurte på om det kanskje er sjølvforsvar eg driv med,fordi eg ikkje greier bli tynn, fordi eg er altfor glad i mat og kaker og alt slikt som er fy, er det slik at eg rett og slett lurer meg sjølv med å tenkja at eg likar å vera ein nytar. For burde ikkje fokuset mitt vore på liten mage? Eg trekte pusten og gjekk vidare på min sakte tur. Eg tenkte på bestemor, kor stor god mjuk mage ho hadde å krypa inn til. Kor lite ho tenkte på stavgange og kaloriar. Ho burde vel ha tenkt på det, kanskje, høgt blodtrykk som ho hadde, og døydde gjorde ho då ho berre var sytti. Men ho levde då ho levde.

Eg ser ned på magen min. Han blir nok aldri tynn. Stavgang og kaloriteljing ligg ikkje for meg heller. Eg får leva når eg lever. Nyta dei små gledene på vegen, fryda meg over det sakte, og tenkja at ein mage kan jo også vera god den, for eit barn å kvila seg mot, eller ein mann som har sansen for det mjuke. Dei kan vel finnast dei også.