Det vakre kan vera så kvardagsleg at det nesten blir oversett. Eg tar fleire gonger for veka bussen til byen. På busstoppet møter eg ofte den same mannen. Han strevar seg over vegen med gåstolen sin og har vondt for å føta seg, men han kjem seg fram. Alltid smiler han og helsar når han stiller seg opp ved sida av meg. “Så mi vakre norske venninne er her”, flørtar han. Og eg kjenner gleda i meg, for kven kan motstå slike ord.

Når bussen kjem har vi våre ritual. Han baksar seg inn bakdøra, eg får busskortet han og stemplar inn for han saman med mitt eige kort. Så går eg bak og gir han kortet, og han seier takk takk, og eg finn meg min plass. Vi har visst aldri snakka saman, meir enn om ver og vind, men eg ser alltid etter han og kjenner denne varmen i meg når han kjem. Visst manglar han fleire tenner, og ofte luktar det at han har teke seg ein tår på tørsten før han har lagt ut heimanfra. Men det vi to har er vakkert. Desse små øyeblikka. Det er ikkje lite slikt, midt i kvardagane.