Skal vi tilgi og forstå alt? Skal vi sjølve forventa å bli tilgitt og forstått? Kan vi leva med og tåla at ikkje alt lar seg tilgi? Kva om krenkingane er så store og så djuptgripande at det aldri blir borte? Å tilgi kan jo kjennast som å seia at det som skjedde var greit, og at det ikkje lenger spelar noko rolle. Så sit det likevel i kroppen og i livet.

Eg er opplært til at tilgjeving er høgverdig og godt. At det er nødvendig for eit vidare liv. Og at dei snille tilgir. No veit eg ikkje. Det eg veit er at mange som har gitt si tilgjeving lever vidare med amputerte liv. Sinnet har ikkje lenger lov til å vera der, det såre burde vore borte då. Tilgjevinga ein har gitt kan bli som ei ny bør å bera på. For korleis kan ein framleis kjenna sinne og sårhet når ein har tilgitt? Det set seg ofte i kroppen, det som må stengast inne. Og gråten tar gjerne over der sinnet ikkje får plass.

I påsken lærte vi om at alle våre synder blei sona og alle brot blei tilgitt. Og det er ein utruleg fin ting å bli bydd. Men vi er ingen gudar. Vi er menneske som lever med våre mangslungne liv. Kanskje sinnet er vår beste legedom. Ikkje det irrasjonelle og blindt utagerande sinnet, men den sterke krafta som får oss til å ta vare på oss sjølve. Den som får oss til å snu ryggen til det og dei som belastar oss.

Livet er for kort og dyrebart til at vi skal krypa og selja det beste i oss for å bli likt der vi ikkje eingong ønskjer å vera. Så treng eg bli tilgitt? Treng eg å tilgje? Er det ikkje rom nok til oss alle her i denne verda. Vi treng då ikkje klemma oss saman med dei vi ikkje har det godt saman med. Jau, eg vil gjerna få tilgitt alle mine brot. Og at alle andre skal få tilgitt sine. Men det får ein gud ta seg av. Tenkjer eg, denne påskedagen.