Eg trivs med facebook. Gleder meg med alle dei glade og sender gode tankar til dei som slit. Eg synes det er fint å få følgja med dei eg kjenner men ikkje møter så ofte her langt borte som eg bur. Facebook er for meg eit treffpunkt, og eg set pris på alle som så raust deler smått og stort. Men av og til gjer det litt vondt å klikka seg inn. Særleg i høgtidene. Det synes som om alle feirer saman med familiane sine. Der er bilde av besteforeldre og glade barnebarn. Der er familieutfluktar og fellesskap med dei nære.

Eg er aleine her. Ingen barnebarn, ingen barn, ikkje ein gong ein mann. Mine skrytebilde blir av sola som glitrar i Møkeln, av kakestykket på kafeen. Av påsketulipanane på bordet. For eg lagar meg gleder. Eg er grådig flink til å laga meg gleder. Men eg savnar mine, sjølv om det er eg sjølv som har valt å bu her eg bur, langt borte. Eg savnar barnestemmene, eg savnar bordfellesskapet, og nokon å oppleva saman med. Slik er det.

Eg har eit godt liv, og har utruleg mykje å vera glad for, men når høgtidene kjem og eg ser alt fellesskapet (sjølv om eg veit at ikkje alt som glitrar er idyll), så renn dette såre gjennom meg. Savnet. Og eg veit eg ikkje er aleine om det. Vi er mange som av ulike grunnar feirar påske aleine. Men jammen går det an å leva med det også. Eg fotograferer tulipanane mine og kakestykket og legg det ut på facebook. Kva tankar og kjensler som ligg bak eit bilde veit ingen, for nokon av oss.