På kafeen eg fann meg då eg flytta til ny stad sit kvar dag ein som livet har fart hardt med, men som har berga seg. Han sit der med farrisen sin i time etter time og er del av eit fellesskap endå han alltid sit ved bordet sitt aleine. Han var den første eg blei kjend med då eg kom hit. Han såg meg og helste. Og vi kom i snakk.

No blei samtalane våre mest “ja ja du er her i dag også”, eller “fint ver i dag” eller “surt ver nå”. Tre eller åtte ord, men vi synleggjorde kvarandre. Eg nyinnflytta, han ein av dei gløymde.

Eg er ikkje så ofte på denne kafeen lenger, men då eg i dag kom inn hit, var han der på plass ved bordet sitt. Han løfta handa til helsing då han såg meg. “Hei Bente”, sa han. Han brukte namnet mitt. Og eg brukte hans. Så blei det den vanlege samtalen. “Så du er her?” “Ja, eg er her”.

Så lite skal til for at det gjer godt. Vi to frå kvar vår verd, vi ser kvarandre. Vi helsar, vi gjer kvarandre synlege.Det er desse små øyeblikka som betyr noko og som løftar livet.