Vi vil vel helst, dei fleste av oss, pynta litt på fortida. Og i min barndom var det strenge reglar for kva som var lov og ikkje. Eg har vel hevda at eg var eit særdeles lydig barn. Men er no det heile sanninga? Eg blei så uventa oppglødd i dag då eg las om tiåringen som hadde tatt foreldra sin bil, pakka si atten måner gamle søster inn i bilen og lagt i veg på tur til bestemor. Ikkje overraskande havna han i grøfta, men det var tiltak i guten, han praia ein brøytebil og bad om å bli slept opp på vegen igjen. Då brøytemannen kommenterte at han såg no litt ung ut til å kjøra bil, svarte guten kjapt at det var fordi han var dverg. Dessverre låg sertifikatet heime.

Ein livsfarleg situasjon. Det kunne gått skikkeleg ille. Men kor ofte er det slikt initiativ i ungar lenger? I dag blir ungane kjørt frå A til B, dei blir følgd opp og passa på, og det dei har att av fritid blir brukt framfor skjermen. Og for all del, i den verda vi lever i i dag, så kan ein vel ikkje sleppa augo frå ungane skal ein vera trygg. Men før då? Det var vel ikkje heilt trygt det vi fann på som ungar heller. Ingen kjørte og henta oss. Ingen hadde oversikt over dei timane vi var ute og hadde fritid. Mulighetane var ubegrensa til å utforska og finna på.

Det er ein del skamfulle ting i min barndom og ungdom som eg helst ikkje vil stå ved. Smugrøyking i skogen er det minste, verre at eg stal tobakk frå bestefar. Og så “billigsal” på butikken som vi passerte på skulevegen. Brusen var på bakrommet, så ein bestilte brus, resten fylte skuleveskene med pølser. Så hadde vi pølsefest på heimvegen. Og sigarett-tennarar gjekk det vel nokon av i sekkane også. Kjekt å ha.

Eg hugsar eg var sidemann i ein bil der døra ikkje gjekk igjen. Når vi var ute og kjørte, så måtte eg har armen ut glaset og halda på døra for at ho ikkje skulle spretta opp. Vindusviskarar var det heller ikkje, og på vestlandsvegar var ikkje det særleg stas. Det blei å vri seg ut den opne sideruta, halda døra med eine handa og viska vatn av frontruta med hi handa. Ikkje heilt ufarleg.

Det var ikkje berre tiåringen som lurte bilnøklar frå faren. Eg var med å stå vakt då ein god venn sneik seg på soverommet til foreldra og smugla nøklane or bukselomma mens faren sov. Så drog vi på nattleg tur, då alle trudde vi sov.

Har eg verkeleg vore med på dette? Du verda alt ein fortrengjer og gløymer. Men stundom kjem det for ein dag. Nei, eg var nok ikkje det prakteksemplaret eg gjerne vil laga det til. Så det frydar meg at det enno fins nokon som tør gjera sprø ting, sjølv om eg ropar nei nei nei gjer aldri noko slikt. Og hadde mine eigne barn eller barnebarn funne på noko som dette, hadde eg ikkje sove ei natt meir.