Gi blanke faen, blei Per Fugleli sitert, og eg las orda på avissida med så mange nikk at eg nesten fekk kink i nakken. Mange av oss kunne ha så forbaska godt av å gje litt blanke faen. Kor lenge har vi ikkje prøvd å tilfredsstilla behov rundt oss, tilpassa oss, strekkja oss til vi har forstrekt oss. Her går vi rundt med dårleg samvit fordi vi ikkje greier bli slanke nok, pene nok, ha huset katalagvakkert, og få alt i livet til å passa inn i eit ferdiglaga mønster. Skulle vi ikkje vera god nok?

Ja, eg er jammen god nok med mine tjue overkilo. Eg er god nok med min grå hår som stadig tyt fram, eg er god nok med mine rynker og med alt eg ikkje får til etter oppskrifta. Eg er god nok med mine kaker med personlegdom som haltar litt her og der, eg er god nok med mine heimesteikte brød som er laga av ferdigblanda mjøl frå butikken. Eg er god nok til og med i dag då eg var på toalettet på stamkafeen og kom tilbake glad og nøgd med stakken oppunder longsen. Ja visst, er det så nøye då?

Tenk kor mykje gladare vi hadde vore, kor mykje gøyare vi hadde hatt det, kor mykjer rausare vi hadde møtt kvarandre om vi gav litt meir blanke faen, vi flinke. Så kunne dei som alt gir blanke faen frå før og trampar ned dei dei møter på vegen fått overta litt av vår ansvarskjensle, så alle hadde kunna levd betre saman.

Eg sat på kafen og høyrde på to flotte slanke personar som sat og snakka om diettar og kiloar og forsaking… Dei om det. Eg for min del blir sur av å forsaka!  Og eg kan vel velja å gi blanke faen i andre sine val og stå for mine eigne. Eg er ein livsnytar, om det har sine biverknader, som alt anna som skal gjera godt :-)