Eg har prøvd meg på 5-2 dietten. Ikkje for å bli tynn (det toger er nok gått), men fordi dei seier det er helsesamt. Og det er noko med å ta vare på den helsa ein har. Men du og du kor tøfft dette er for ei som er så glad i mat som eg. To dagar i veka på faste. Nesten uoverkommeleg. Men berre nesten. For eg har oppdaga geldene som følgjer med som ein bonus.

Aldri har gleda over mat vore så stor som dagen etter fasten. Og aldri har fryden og forventingen vore større enn kvelden under fasten før ein skikkeleg frukost dagen etter. Eg går her med knurrande tarmar og er ulv i ørkenen, men i morgon, i morgon er det ein heilt vanleg dag igjen. Eg skal stå opp og eta mi brødskive med ost. Eg skal gå til kafeen og unna meg kake, for det kan eg jo etter ein fastedag vel? Og eg kan eta heilt vanleg middag og kvelds. Det som før var rutine og kvardag er no blitt fest. Kvart måltid er blitt dyrebart og etterlengta og blir sett umåteleg pris på.

Eg er komen nesten gjennom min fjerde fastedag på to veker no. Og eg kjenner alt at dette er godt for skrotten, trass i svolten som gneg og lystane som spring løpsk. Eg synes eg kjenner korleis både eine og hin lysten er tilbake, og at energien og kreativeiteten aukar. Er det berre trua? Du og du korleis dette kan enda, – viss eg held ut!

I morgon skal eg til middag til ein nabo, og aldri har eg gledd meg meir. På kjøkkenet står nysteikt kake som eg skal ha med. Og eg snusar og snusar og gler meg så uhemma. Aldri har eg visst at ein “diett” skulle ha slike “biverknader”, – berre eg held ut. For akkurat no er det kun vilje som held meg borte frå kjøleskåpet. Men eg trur på helsegevinsten. To dagar faste i veka kan gå an når det er fem dagar igjen å forsyna seg i. Hadde eg ikkje frotsa så frydefullt dei fem dagane så hadde eg kanskje fått ein annan gevinst også.