Ny bok er alltid spesielt, av og til meir spesielt. Boka som kom frå trykkeriet i dag er for meg noko ekstra. Eg har fått femten historiar frå livets minnebok. Menneske som har levd ei stund, men som enno har livskraft. Ikkje alt står i boka, noko ligg i mitt hjarte. Som ho på over nitti som med eit lurt smil fortalde at då ho kom til sjukeheimen hadde ho bede om å få dobbeltsenga si med, ein visste aldri… Eller han som hadde gløymt alt frå dagen i går men som livna til då han fekk fortelja frå barndommen. Det var ho som låg med intravenøst og var ganske dårleg, men som glitra til då ho fekk fortelja. Og som sa til pleiaren i det eg gjekk ut døra “dette var kjekt”.

Eg fekk møta menneske som ikkje hadde vore på Mount Evrest eller hadde segla verda rundt. Menneske som hadde levd det vi vil kalla kvardagsliv. Men kvart liv har sine historiar. Gleder, sorger. Store og små hendingar som har betydd noko. Som har berørt og gjort noko med ein. Eg er audmjuk overfor at dei ville dela frå liva sine. og eg gler meg til at dei skal få halda boka i hendene og lesa. Og eg håper dei vil kunne vera stolte over det dei har vore med på. Det betyr noko for meg.

Ja, nokre bøker er meir spesielle. Fordi spesielle menneske er delaktige i boka. Og fordi prosessen med boka berika den som skulle skriva.