Eg skal feira nyttårsaftan aleine. Eg har valt det. Og eg gler meg! Alt er førebudd på beste viset til fest for ein. Eg har kjøpt inn god mat, her skal ikkje noko gjerast lettvindt. Eg har vore på biblioteket og lånt meg to gode bøker. Musikk har eg også, den eg likar aller best. Eg trur til og med eg skal pynta meg opp. Er eg ikkje viktig nok til at eg skal pynta meg for meg kanskje? Det er noko med denne dagen i året, milepælen, inngongen til noko heilt nytt.

Klokka tolv skal eg stå på veranden min, sjå rakettane og gråte ein skvett for alt som ikkje er blitt slik eg ein gong drøymde det, og så skal eg løfta opp draumar for det nye året. Ta ei lita vareoppteljing. Kva er viktig for meg? Kva val vil eg gje fokus framover no. Draumar er viktige. Eg skal henga opp nokre over meg der eg står og skålar med meg sjølv.

Eg møtte ei på butikken i dag som lurte på kva eg skulle gjera på på nyttårsaftan. Ha fest for meg sjølv, sa eg. Ho syntes det høyrde triveleg ut til ho forsto at eg meinte fest aleine. Då såg eg medynk i andletet hennar. Ho syntes synd i meg. Men det er då slett ikkje synd i meg. Eg har valt det sjøl. Det er dette eg aller helst vil, i år. Men når klokka tikkar seg over frå 2013 til 2014, så håper eg at nokon sender meg ein god tanke, og at det kanskje kjem nokre helsingar. For meir aleine vil eg ikkje vera enn at nokon der ute hugsar meg denne natta. Men om ikkje, så helsar eg meg sjølv.