Eg fekk eit plutseleg anfall av ryddedille, og henta fram krokane eg hadde kjøpt for lenge sidan til å henga opp sjala mine på i gangen. Hammer og spikar fann eg i roteskuffa, etter å ha sokna mellom taperullar, metermål, skrujern, skopusseutstyr, diverse leidningar og andre nyttige ting eg ikkje visste eg hadde. Plass til krokane hadde eg sett ut for lenge sidan. No skulle det endeleg bli slutt på sjal dinglande ned frå hattehylla, eller i kaos og haug på kommoden. Dette skulle bli stas.

Praktisk er eg ikkje kjend for å vera, men å banka i to spikrar må vel ein kvar tosk greia. Så eg hamra i veg. Berre det at spikrane nekta å vera med på leiken. Ikkje tale om at dei ville inn i veggen. Men den som ikkje vil, han skal, tenkte eg, og gauv på. Eg hamra og slo både spikrar og fingrar, og gav meg ikkje på tørre møkka. Men det gjorde ikkje spikrane heller. Dei stritta mot same kor hardt eg slo.

Til slutt måtte eg mistrøystig sjå nærare på desse håplause spikrane. Framfor meg var det kome to solide hol i veggen, og det var det. Det var då tanken slo meg, at det kanskje ikkje var spiker eg hadde funne. Men skruer er då så umåteleg like på spiker, så eg trøysta meg med at det er vel ikkje det minste rart at ein ukyndig tar feil?