Eg står på veranden min, eg har tid og det er stille. Rundt meg er det mørkt. Ingen lys i vindauge. Ingen biltrafikk. Berre vinden i trea og regndråpane mot taket. Skyer dekker stjernene og månen, men eg veit dei er der. Slik eg veit at det fins menneske i livet mitt som bryr seg om meg. Og som eg er glad i.

Eg står her og kjenner på det som er i meg. Kjenner på både det såre og det vakre. Lar melankolien få plass, og hentar fram draumar. Kjenner på det å leva, kor dyrebart det er. At enno er det noko som kan skapast, enno er det øyeblikk å få vera i.

Rart, eg er aleine her, i denne stilla, men kjenner meg ikkje aleine. Den som har eit levd liv med seg, har eit skattkammer å henta frå.