Det var den dagen eg rodde den gamle oselvaren frå fiskeplass til fiskeplass på Firdalsvatnet.

Det var blenkande klårt og det draup frå årene for kvart tak. Eg hugsar ikkje om det var sol.

Det var den dagen eg reidde garn for første gong og sidan sat på den store steinen og blei servert steikt ørret med grasløk.

Det var den dagen eg visste: Av jord er du komen!