I dag gret eg for ein gammal venn som døydde på fredag, og for kona hans som er aleine tilbake. Og for den unge dottera. Eg gret for alle dei som går inn i denne jula med ein tom stol ved bordet etter ein som er gått bort. Eg gret for dei som ikkje opplever julegleda og som ikkje maktar gripa eller skapa gylne øyeblikk fordi så mykje skuggar. Eg gret for dei som kjenner seg einsame, for dei sjuke og dei redde.

Men gråten min hjelper ingen. Det er handling som gjeld. Den vesle helsinga. Sms-en, E-posten, blomen, kortet, det å sjå innom. Det å visa at ein er der. Vi kan ikkje løfta bort smerta til kvarandre, men vi kan strekkja fram ei hand og seia at vi er her. Midt i julestria fins det nok tid til den ørvesle visitten. Alle veit vi vel om nokon som ikkje vil få ei god jul.

Det kan vera skaparkraft i tårene. Dei vi deler. I blant er det dei små tinga som er dei største.