Eg trur eg har brukt meir tid enn mange til å lengta. Til å ønskja ting annleis. Til å drøyma om det som ligg bortanfor det som er. Eg trur eg har mista mange mulighetar fordi eg har vore mentalt på veg vidare. For det er i det som er noko kan skapast. Det er i øyeblikka no det magiske skjer. Kanskje ikkje det optimale, kanskje ikkje det eventyret fortel, men likevel noko vakkert og sterkt.

Stadig må eg minna meg på dette å vera tilstades her og no. Sjå det eg har, skapa ut frå det som er. Gripa øyeblikka og mulighetane. Då eg var aleine jobba eg med å laga fest for ein. Og jammen blei det greit det og. No frydar eg meg over at dei eg ikkje skal feira jul med har det fint der dei er. Visst kunne ting alltid vore annleis. Men det er som det er. Og ut frå det er det min jobb å vera tilstades i det som er og skapa det så vakkert eg kan.

No er eg her. Og her skal eg vera med heile meg så eg ikkje mister dei små magiske glimta med å lengta meg bort eller drøyma svevande draumar. Akkurat desse dagane kjem aldri att. Det er berre no dei kan opplevast og skapast.