Eg må vedgår at eg går for enkle løysingar. I dag er eg godt nøgd. Eg har bakte pepperkaker. Spelar det noko rolle om eg har kjøpt deigen på Rema100? Det luktar like godt og smaker godt gjer det også. Og klar til i morgon har eg ferdigkjøpt kransekakedeig. Kanskje blir det kokosmakroner også. Og så er det jul. Med tre sortar. Kakeboksane er fulle nok, eg er ikkje redd vi ikkje skal få i oss nok kaloriar i jula. Ingen gjestar skal i skapa mine og sjå om det er ryddig, eller leita etter støv på listene med fingrane. Eg tenner lys og dempar lys, og så er alle nissane komne fram og står på skapet. Det blir jul.

Det blir jul om eg er langt frå mange av mine, det blir jul om det er grått ute, det blir jul om eg har rast rundt eller har gått sakte. Og så er jula snart over. Til glede for mange, endå få vil innrømma det. For jula skal jo vera lykke og fellesskap og skinande stjerner og glade barn. Men for mange er jula utslitthet, etter kav for at alt skal vera perfekt og etter ein krampaktig vera glad leik. Alle skal tilfredsstillast. Og alla skal visa sitt besta humør, som vi sang på leir i ungdommen. Det skal god helse til ei vellykka jul.

Nei, eg går for dei enkle løysingane. Ferdigkjøpt julekakedeig, lav terskel for kva eg kan hoppa over, lav liste av forventingar, og vilje til å vera i det som er og la det som kunne vera liggja. Gjera øyeblikka så gode som dei kan bli. Det blir jul, og jula går over. Til glede og til trøyst.