Eg snakka i telefonen med eit av barnebarna mine i dag. “Bestemor kjem neste helg”, sa eg. “Jippi”, svara han. Jippi! Dette eine ordet og det flomma over av varme i eit bestemorhjarte. Jippi! I dag trur eg det er det vakraste ordet eg veit om.

Å bu langt frå barnebarn har sin pris. Det er å ikkje få vera nær i alle desse små, viktige kvardagshendingar. Det er å gå glipp av dei plutselege spesielle øyeblikka. Men så får ein oppleva å vera venta. Ein får koma til opne armar, klemmar og alt dette som må forteljast. Og ein får kjenna den djupe gleda ved eit Jippi!

Ei veke, nei mindre enn ei veke, så er eg der. Og tida fram til då skal eg varma meg på dette Jippi! Ha det med som ei stille lykke,