Dette er mitt liv, syng Kim Larsen. Dette er mitt liv! Eg lyttar til musikken og kjenner på kva orda gjer med meg. Ser på det som blei. Kor mange val er det ikkje eg har gjort gjennom livet så langt, kor mange ubevisste val var det ikkje mellom dei eg gjorde. Og kor lite eg visste om konsekvensane av vala. Det er slik det er. Det er slik det må vera.

Livet har ingen fasit. Vi kan ikkje slå opp og sjå om reknestykket blei rett. Vi må gå vegen, vi må gjera vala våre, og så veit vi aldri kva som kunne skjedd om vi gjorde andre val. For det er her vi er no. Det er her eg er no. Desemberkveld, lyttande til musikk, med ein open sårbarhet i meg. Kan eg seia som Edith Piaf, eg angrar ingen ting?

Det viktigaste er å akseptera staden ein står på her og no. Å sjå at uansett kva som førte meg hit, så er det her eg er. Det er herfra vala mine skal takast no. Det er herfra eg kan gå vidare. Dette er livet mitt. Med sine avgrensingar og sine mulighetar. Så får eg opna handa og gå framover.