Eg har fått lov å møta eldre menneske, menneske som ikkje lenger er “produktive”, som kanskje slit med helse og med det å greia alle dei daglege ting sjølv. Og eg har fått oppleva ein rikdom. Det har gitt meg tankar. Om kva som er “produktivitet”, kva som er viktig i livet. Eg har fått møta historiar og opplevingar frå ei tid mange av oss må bruka fantasi for å sjå for oss. Og har fått dela private minne, ting som har rørt ved dei som har delt, som har betydd noko. Eg undrast, er ikkje det å overbringa historiar og erfaringar også “produktivitet”. Eller det å gje omsorg, varme, nærleik, tid? Vi har så lett for å plassera kvarandre på ein verdistige. Men kva er den største verdien?

I mange samfunn blir høg alder verdsett og djupt respektert. Gløymer vi her hos oss det dei eldre har å gje? Gløymer vi det vi kan læra, det vi kan få del i?  Treng vi ikkje at nokon verkeleg bryr seg med oss og om oss, slik mange av våre eldre gjer. Vi har våre travle liv, vi har våre mange aktivitetar. Eg er der sjølv, fullt opptatt av mitt. Men desse møta eg no har fått, har berørt meg. Femten historiar i ei minnebok, det er berre nokre få mot alle dei som er rundt oss, klare til å henta. Ein dag er dei borte, dei som kan fortelja, og med dei er også historiane borte.

Dei er ikkje ei gruppe som sit der plassert på ulike sjukeheimar, dei er enkeltmenneske. Kanskje heng bilde av oss på ein vegg hos ein av dei, kanskje er det der vi finn det rausaste hjartet å kvila nær. Fins noko meir “produktivt” enn kjærleiken?