Eg fekk adventkalender i posten i dag, frå barnebarna mine. For ei glede! Eg har gått rundt med song i kroppen i heile dag. At dei har tenkt på meg, og pakka inn dei små pakkane. Dei har brukt tid og omtanke. Eg som ikkje er der rundt dei i kvardagen og får følgja kvar plasterlapp og latter, eg er likevel med.

Det betyr så enormt mykje å bli hugsa på. Å bli rekna med. Å få desse små teikna på at ein har nokon som bryr seg om ein. Det får dagane til å dansa. Eg sit her og ser på alle dei små gledene, ei for kvar dag i advent, og eg kjenner kor rik eg er.

Rikdom må delast! Kven kan eg hugsa på?