Eg hadde ei slik vakker oppleving i dag. Eg skulle på biblioteket. I gangen utfor sto ei purung mor med barnevogn. Den vesle i vogna hadde tydelegvis ikkje tenkt seg til biblioteket, ho hadde opna heile si stemmeprakt. Den unge mora prøvde trøysta og roa, men ungen gav seg ikkje.

Då kom ein eldre mann forbi. Ein stor, røssleg kar i raud topplue og godt gøymt i eit frodig skjegg. Mannen stogga og såg på den vesle. – Nei men kva heiter den vesle kroppen her, spurde han. -Klara, svara den unge mora. Og mannen bøygde seg mot vesle Klara. – Du må då ikkje gråta ein slik fin dag, sa han. Og så byrja han å syngja.

Den vakraste song fylte gangen utfor biblioteket, og nådde truleg også inn til dei som var inne der. Ei stemme så varm, så mild, så ufattelig nydeleg at eg kjende håra reiste seg på armane og klumpen kom i halsen. Og også vesle Klara blei stille og lytta. Ho festa dei klare blå augo på denne mannen som sto der og gav oss ei heilag stund, midt på ein kald vinterdag.