Det er FNs internasjonale dag mot kvinnevald i dag. Det er som om eg vil verja meg mot ordet kvinnevald, som mot barnevald, og mannevald for den saks skuld. Vald er så vondt, så krenkande, så djupdgripande øydeleggjande. Og så vanskeleg å koma seg ut av, det ser vi igjen og igjen.. For den som slår er ikkje berre eit vondt menneske. Ofte er det eit såra menneske, eit sjølv krenka menneske, eit menneske det er lett å synast synd i. Så kvinner blir, mot alle odds. I håpet om at det kvar gong er siste gong, og at det aldri vil skje igjen. Dessutan tek kvinna skuld. Det var nok ho som provoserte dette fram. Det var nok noko ho burde gjort annleis, forstått. Men skuld ligg kun ein plass, hos den som slår.

Kjære medsøstre, kor tid skal vi forstå at ein som slår sluttar ikkje å slå. At vi ikkje kan berga alle såra menn i verda. Truleg kan vi ikkje berga ein einaste ein. Det gjeld å ta føtene på nakken og springa. Koma oss vekk frå det rom der vi kan nåast med vald. Det er inga skam å snu. Det er inga skam å berga seg sjølv, og eventuelle barn.  Det hjelper ikkje det minste at det er synd i mannen, han får finna hjelp andre plassar.

Til kvinner som opplever vald vil eg ropa:Røm! Kom deg bort! Berg deg. Du er altfor verdfull til å øydeleggja deg på umogeleg håp. Du greier deg! Eit betre liv ventar! Det er mandag morgon, ei ny veke ligg framfor, og resten av livet.