Bli kvitt rynkene dine på 14 dagar, sto det i annonsen. Du store allverda. Bli kvitt rynkene? Det er jo som å seia at eg vil kvitta meg med ein medalje for lang og tru teneste. Som om livet eg har levd ikkje har vore verd det. Nei, eg er stolt av rynkene mine. Dei er jo teikn på at eg har levd. At eg har kjent på ulike dagar, både gode og dårlege. At eg har elska og mista. At eg har opplevd og smakt.

Skulle eg kvitta meg med rynkene? Skulle eg etter å ha passert seksti år sjå ut som om eg er ny i verda?Heidersteikn er rynkene! Og nei, eg vil aldri gje frå meg desse runene som er teikna inn i huda og som eg har brukt alle desse åra og alle desse dagar på å erobra meg. Rynkene, dei er også den eg er. Og den som ikkje ser det vakre i rynkene mine, den fortener meg ikkje!