I dag vakna eg til ein Bad Hair Day! Eller, det var forresten ikkje berre håret som var ute av lage. Heile eg. Som om noko kjemisk hadde skjedd i meg over natta. Eg hadde ikkje lyst til å stå opp. Heilt frå ingen stader var tungsinnet kome. Det nytta ikkje kva eg prøvde lokka meg sjølv med. Ikkje alle gledene eg kunne gå ut og plukka, ikkje det vesle skiltet på badet: “Det er din dag i dag”. Denne dagen hadde eg berre lyst å dra dyna over hovudet og bli i senga.

Men eg har jo vilje, så eg tok meg sjølv i nakken og kom meg opp. Og her går eg med survegeip og er på gråten utan ein einaste god grunn, som eg veit om i alle fall. Eg er for gammal til å vera premenstruell, eg har det for godt til å ha noko å klaga over. Det berre ligg der i heile meg som ei tyngd. Eg kjenner meg som det mest einsame menneske i heile verda, eg som har så mange.

Ja ja, så er det slik i dag. At det ikkje er lysten men viljen som må styra meg. Og alt kjekt kan jo skje etter kvart. Ein telefon, ein E-post, eit smil. Det nyttar ikkje å la seg skli ned i elendet. Her er det å retta seg opp, ta på vinterjakken og skolettane og gå ut. Dagen er her, og om ikkje sola skin, så er likevel alle mulighetane her til å få ein vakker dag.

Så no kjem eg, alle mulighetar. No kjem eg, alle gleder. No kjem eg med heile surkroppen min og er klar for ei forvandling!