Eg las om ei som hadde tømt handveska si og blei forundra over alt som var der. Det er utruleg kva ei dameveske kan innehalda. Så eg fann ut at eg skulle snu mi på hovudet og sjå kva eg fann. Og du og du!

Først plukka eg ut det sjølvsagte. Setlebok og kortmappe. Deretter ei notatblokk og tre pennar, noko eg aldri går ut utan. Så var det hårbørsten og hovudverktablettane. Alltid greit å vera beredt. Men jammen var det sugetablettar der også, for sår hals. Truleg frå i fjor vinter. Og fire lause karamellar i oppsmuldrande sølvpapir. Gisp, kor lenge har dei lagt der?

Der var to pakkar våtserviettar. Kvifor to? Og ei gammal bussrute. Og jammen dukka det opp ein leppestift eg trudde eg hadde mista. Og så var der ein haug lause kvitteringar. Og der, der var det ein hårstrikk også, og eit tomt sjokoladepapir. Og heilt inst i hjørmet ein knapp? Nei, ein overvintra pastill.

Ja ja, eg fekk no rydda opp i veska mi. Det kunne vel vore verre. Eller handlar det om at eg har fleire vesker?