No er det altfor lenge sidan eg dansa. Eg som ein gong var Dancing Queen. Eg som nytta ein kvar sjanse og heiv meg på golvet. Eg som dansa så det song i kroppen og som gav ein glad dag i om eg var aleine på golvet eller om folk himla med augo. Eg som dansa tango så dotter mi nappa meg i armene og fortalde meg at eg såg så salig ut der eg dansa at kvar som dansa med meg måtte tru eg var forelska i dei. Eg som var djupt forelska i dansen.

Eg har dei finaste raude dansesko, så det manglar ikkje på det. Dansekjole har eg også. Mange dansekjolar eigentleg. Så kvifor i alle verda er eg blitt ein stillesitjar når musikken spelar opp? Er det slik at di lenger der blir sidan sist, di tyngre er det å koma seg ut på igjen?  Eg er i alle fall ikkje for gammal. DET er det ikkje!

Her eg skriv hugsar eg gleda, den vedunderlege gleda ved å følgja rytmane, ved å la kroppen få leva i musikken, kjenna lykka sitra. Ja, eg hugsar. Det er visst på tide å lufta danseskorne igjen. På tide å hiva seg i dansen på nytt. Eg kan jo starta heime på stovegolvet. I grunnen så er eg starta heime på stovegolvet. No! Ingen ting å nøla etter.