Av og til gjer det så vondt å sjå at eg vil vegra meg. Korleis kan eg som har det så godt orka sjå dei som har mista alt? Sjå dei tomme barneandleta, vita om alle som har mista sine kjære, alle desse som manglar alt. Eg vil helst snu meg bort frå desse som lever der, utan tak over hovudet, mat, reint vatn, medisinar. Korleis skal eg orka sjå smerta, den nakne sorga, fortvilelsen. Men korleis er eg blitt om eg ikkje ser?

Ingen kan hjelpa alle, alle kan hjelpa nokon. Eit musepiss i havet, seiest det om det vi kan få til. Men det er ein og ein dråpe som blir til eit hav. Og var eg den eine mellom dei uteljande mange i den store nøden som fekk hjelp, så kunne det bli skilnaden på liv og død For meg eller barnet mitt. Skulle det vera lite?

Ja, denne gongen må eg tvinga meg til å sjå. Denne gongen må eg erkjenna vegringa og trengja meg forbi. Eg vil ikkje i mitt mette sjølvsentrerte liv bli eit menneske der hjartet er blitt kaldt og engasjementet for dei som treng det er lunka.. Det handlar om verdiar eg alltid har trudd på. At vi angår kvarandre, vi som lever her på denne jorda. Eg trur på det gamle ordet som seier at rikast blir den som deler.