I mine yngre år samla eg på elefantar! Det starta med at eg fekk ein frå ei venninne som sa at ingen har betre hukommelse enn ein elefant, han hugsar alltid dei som har gjort godt mot han. Eller vondt. Ho håpa eg ville hugsa henne for det gode.

Elefanten hugsar alltid. Er eg ein elefant? Og kva vel eg å hugsa? Når ein har levd ei stund har det samla seg ganske mykje i minneboka. Der er sår og der er gleder. Der er gode opplevingar og dårlige. Kan elefanten velja kva han vil fokusera på? Eg kan! Eg er eit menneske med vilje. Eg er eit menneske som kan festa blikket på det eg ønskjer å fylla livet med. Eg kan velja å hugsa det gode. Ikkje for å lata som om det vonde ikkje har vore, men for at det vonde ikkje skal få ta livskrafta bort. Eg vil samla på dei gode menneska. Eg vil samla på dei gode minnene.

Eg har elefantdsamlinga mi ein stad i ein flyttekasse. Kanskje eg skal henta fram i alle fall ein elefant som kan stå der framfor meg og minna meg på alt det gode livet har gitt meg. For når eg ser tilbake, ser at det er mykje meir der å takka for enn eg kanskje hadde trudd.

Eg vel kven eg vil gje rom i mitt minne. Og dei menneska eg vil la få bu der, det er dei eg hugsar for det gode. Ein slik elefant vil eg vera!