Eg har fått møta tre flotte kvinner i dag, alle tre over nitti år, den eine eit år frå hundre. Eg har fått lytta til historiar frå livet deira, og eg kjenner meg så berika, så oppfylt av alt dei hadde å dela. Det var alvor, det var humor. Som ho som fortalde ho hadde levd aleine heile livet, ho hadde hatt ein kjærast, men han blei ho så sint på at ho hadde tenkt ho ville ta dei spissaste stilletthælskoa sine og trakka over heile han. Menn skulle kome med merkelapp, meinte ho.

Eg sat og såg på desse kvinnene, som hadde levd, som hadde erfart, som sat der med sitt rike forråd og kunne fortelja. Eg såg på rynkene i andleta, på dei mange livsstripene, men aller mest på augo. Der var så mykje klokskap og varme. Og så glimtet når dei kunne krydra historiane sine med rå humor. Dei var så vakre, så vakre.

Eg sat der og tenkte, kven er vi som lagar ideal av ungdom, som strevar etter å sjå unge ut til vi er mette av dagar. Kven er vi som dyrkar det glatte og ulevde. Visst er ungdommen eit vakkert syn for auga, men er ikkje også det levde livet vakkert? Desse kvinnene, desse som har elska og sørgd, ledd og gråte, som har slite sin del i livet, og som sit der og er kjelder å ausa frå, skulle ikkje desse vera det vakraste vi kan sjå?